Pilegrimsfellesskapet Sankta Sunniva

Pilgrim på veg mot Selje - Foto: Lasse Fløde«Pilegrimsfellesskapet Sankta Sunniva» vart organisert som ei stifting 30. oktober 2013.  I vedtektene heiter det m.a. at fellesskapet skal fremje interesse for og bidra til auka pilegrimsferd langs kysten av Vestlandet. Ein ynskjer å stimulere til kristne fellesvandringar og å legge til rette for frivillig innsats. Fellesskapet vil utfordre menneske til å vere pilegrimar, men ein ynskjer og å ta godt i mot pilegrimar langs leia og utfordre til gjestfridom.

 

Invitasjon til å vere medlem