Sunnivaleia: Bryggja til Selja.

Pilegrimar i Rimstaddalen, foto: Kari Leine Balog

Pilegrimar i Rimstaddalen. Foto: Kari Leine Balog

Vidare frå Holmely/Fjordly går leia mot Rimstad og Myklebust. Ein fylgjer vegen til venstre like etter Totland kyrkje. (Dersom du lyt handle er det butikk og bakeri på Bryggja litt lenger framme på vegen) Dette dalføret vert kalla Berstadeidet og det er den gamle postvegen til Selje. Dette er også truleg ei gammal ferdselsåre for pilegrimar på veg mot Selja. Det tar ca 30 min å gå frå Holemly til Rimstad. I Rimstad kan ein besøke eit kunsthus der det er mogleg å få servering av enkel mat samt omvisning etter avtale. Vidare tar det ca 3-4 timar å gå postvegen til Selje. Stien mellom Rimstad og Berstad er lett framkommeleg. Frå Berstad til Selje går ein langs riksveg 618. I Selje er det butikkar, overnatting, galleri o.s.v. Seljestranda og Selje kyrkje ligg nær sentrum. Klosterbåten går frå Selje og ut på Selja.

Messe på Selja Foto: Knut Magne Nesse

< Tilbake