Årsmøte i pilegrimsfellesskapet Sankta Sunniva i Rognaldsvåg

Årsmøtet i pilegrimsfellesskapet Sankta Sunniva vert halde i Rognaldsvåg og på Kinn.

Altertavle Kinn kyrkje

Altertavle Kinn kyrkje. Foto: Knut Magne Nesse

Avreise til møtet vert Søndag 30. april klokka 20.00 frå Florø. Det vert både vandring, sosialt fellesskap, årsmøtesaker og tidebønn i Kinnakyrkja før retur til Florø Mandag 1. mai klokka 15.00. Medlemmer kan møte, påmelding til treksten@gmail.com

Vedlagt program

Pilegrimsfellesskapet Sankta Sunniva

Pilgrim på veg mot Selje - Foto: Lasse Fløde«Pilegrimsfellesskapet Sankta Sunniva» vart organisert som ei stifting 30. oktober 2013.  I vedtektene heiter det m.a. at fellesskapet skal fremje interesse for og bidra til auka pilegrimsferd langs kysten av Vestlandet. Ein ynskjer å stimulere til kristne fellesvandringar og å legge til rette for frivillig innsats. Fellesskapet vil utfordre menneske til å vere pilegrimar, men ein ynskjer og å ta godt i mot pilegrimar langs leia og utfordre til gjestfridom.

 

Invitasjon til å vere medlem

Søkjer vertskap ved Kinn kyrkje i juli

Det norske misjonsselskap(NMS), Kinn sokneråd og pilegrimsfellesskapet Sankta Sunniva vil halde fram med Open kyrkje på Kinn i Juli månad i 2017. Vi vil utfordre deg til å vere vertskap i kyrkja i sommar! Gåva og oppgåva di vert å vere i stilla og naturen, halde enkle tidebønner to ganger om dagen, ta godt i mot dei som kjem og lytte til dei.

Her finn du årets invitasjon