Sunnivaleia

Vandrarar med Alden bak. Foto: Knut Magne Nesse

Ei pilegrimsvandring utanom det vanlege

Kvart år vert det arrangert vandringar i Sunnivaleia, gjerne med Seljumannamessa i klosterruinane på Selja som mål. Leia knyter saman dei to heilage øyane Kinn og Selja. Ho går langs kysten frå Florø, via Kinn, over Bremangerlandet til Rugsund, via Vågsøy og til Selje. Prest og naturguide er med på dei organiserte vandringane.

Historia

I år 996 utropte Olav Tryggvasson Selja til den fyrste heilagstaden i Noreg. Sunniva vart helgenkåra. St. Sunniva er Noregs einaste kvinnelege helgen, og segna om ho var svært viktig i kristninga av Noreg. Soga fortel at Olav den Heilage gjekk i land på Selja for å knele i kapellet i Sunnivahola då han vende tilbake til Noreg frå England i 1015 for å vinna kongsmakt. Både Kinn og Selja var pilegrimsmål.

I mellomalderen var kysten den fremste ferdselsvegen. Dei fleste langvegsfarande pilegrimar i Noreg reiste sjøvegen og segla forbi dei to øyane på veg mot Nidaros. Kinn og Selja var naturlege stoppestadar for dei sjøfarande pilegrimane. I tillegg til Selja sin status som heilagstad og bispesete, gjorde plasseringa rett ved det lumske Stadhavet øya til eit geografisk og sosialt knutepunkt.

Notid

I dag kjem atter pilegrimar til Kinn og Selja. Sunnivaleia heiter den nye pilegrimsleia frå Kinn til Selja. Ho er eit kystalternativ til pilegrimsvandringane i innlandet. Dette er ei vandring over sjø og land. Ei pilegrimsvandring langs norskekysten byr på andre opplevingar og utfordringar enn innlandsrutene. Det vakre, men ville kystlandskapet, skore tvers over av fjordar og med det mektige Atlanterhavet brusande inn rundt øyane – som Kinn og Selja, byr på storslagen natur, naturkrefter som fyller hjarta og sjel, men også roleg hav til ettertanke og refleksjon.

 

Vil du oppleve Sunnivaleia?