Sunnivaleia frå Måløy til Bryggja.

Det er ikkje merka nokon rute mellom Måløy og Bryggja. Det går an å fyglje riksveg 15, men denne er ganske trafikert. Dei første kilometarane er det gang- og sykkelveg. Eit lite stykke etter oppstigninga frå Tennebø er den gamle vegen fin å nytte. Den tek til høgre like ved ein garasje i fjellet. Denne fygljer du rundt tunnellen. Du kjem attende på vegen like ved krysset der du kan ta av på køyrevegen mot Selje. Etter dette må du fylgje vegen, ta buss eller liknande.

Når det er grupper som arrangerer ein tur saman har ein ofte valgt å krysse Nordfjorden frå Rugsund til Bryggja. Då må ein tinge båt, anten taxi eller organisere roing i samarbeid med kystlaget Hornelen. Overnatting får ein i Rugsund på Rugsund Handelstad.

På Bryggja ligg retreatstedet Holmely og leirstaden Fjordly. Desse stadene er eigd av indremisjonen og det er gode høve for overnatting her.

Gå vidare >
< Tilbake