Sunnivaleia: Florø, Reksta og Kinn

Sunnivaleia startar i Florø med rutebåt til kaia i Selvåg. Turen er merka frå sommaren 2012.

Pilegrimar på kaia i Florø

Pilegrimar på kaia i Florø. Foto: Knut Magne Nesse

Ein går rett fram og tek til venstre i grinda etter hytta som ligg der. Ein går rett sørover og kjem fram til ei gamal steintrapp som går ned i Langevika. Ein fylgjer fjæra her og kjem inn på ein god og tydeleg sti. Det er nokre få ”berg” du må forsere og det er litt ulendt enkelt stader. Etter eit stykke kjem du til ei stor steinur med ein kjempestein som vert kalla Storesteinen. Under denne steinen går det an å overnatte tørt. Du går over Kalvemarka og kjem inn på vegen på Indre Reksta. Denne fylgjer du gjennom bygda. Første garden du går forbi på høgre sida er Klokkargarden. Her budde klokkaren i Kinnakyrkja, som og var lærar her på øya. Her er det no laga til for overnatting og i fjøsen er det kafelokale. Det er god sti mellom Indre og Ytre Reksta og etter eit lite stykke kjem du til Ytre Reksta. Også her fygljer du vegen gjennom bygda. Frå Ytre Reskta kjem du inn på ein god turveg som tek deg like til Rognaldsvåg.

Pilegrimar på Reksta

Pilegrimar på Reksta. Foto: Knut Magne Nesse

Når du kjem til asfaltert veg att, tek du til høgre og endar etter kort tid opp på rutebåtkaia der butikken også ligg. Like før du kjem til butikkken går du forbi eit langt kvitt hus på høgre sida. Det er den gamle handelstaden i Rognaldsvågen – Tjenna. Butikken låg i den delen som vender mot sør og du ser butikktrappa på den sørvestlige enden, rett ovanfor den gamle kaia. Går du 100 meter til langs vegen kjem du til Rognaldsvåg bedehuskapell og sidan grendahuset. Bedehuskapellet vart bygt for snart 100 år sidan.

På turvegen like før du kjem til Rognaldsvåg er det eit skilt: Likvikja. Namnet Likvikja stammer frå eit havari i seglskutetida. Dei lokale forteljingane fortel om eit hollandsk skip som havarerte her. Restane etter skipet har lege her i vika sidan då.

Frå Rognaldsvåg tek du den lokale rutebåten over til Kinn. Det går an å sende bagasjen sin like til Kinn medan du går over Reksta. Det kan vere lurt å arrangere dette i samarbeid med Kinn turistservice som driv omvisninga i Kinnakyrkja og også overnatting på Kinn gjestehus. Sunnivaleia held fram på Kinn. Turen startar på kaia. Her i Kinnasundet har det vore gjestgjevarar og skysskifte sidan i gamle dagar.

Foto: Knut Magne Nesse

Under sildetida var Kinn ein samlingsstad for fiskarane nær feltet. Sunnivaleia går på sørsida og over høgskaret før stien går innover mot kyrkja på nordsida att. I Høgskaret er det fin utsikt mot Ytterøyane fyr. Du passerer også vegen mot Kinnaklova på vegen inn att til kyrkja.Den kortaste vegen til kyrkja går langs grusvegen på nordsida av øya. På vegen ut til kyrkja ligg skulehuset på Kinn og Kinn gjestehus. Skulehuset kan grupper leige for enkel overnatting, ta kontakt med Kinn kyrkjekontor. Kinn kyrkje er ei gamal steinkyrkje frå 1100-taltet. Her er omvisning om sommaren. Det er gudstenester ved Seljumannamesse og Olsok. Kinnaspelet vert arrangert 3. helga i juni kvart år. Dei tre jomfruene – Sunniva, Borni og Ingebjørg ser du i  det gamle alterskåpet som står på eine sideveggen i koret.

Kinnaklova er eit gamalt seglingsmerke på kysten og lett synlig frå havet i vest og frå Nord-aust. Det er ein fin tur opp. Første del av turen følger Sunnivaleia sin trase. Ved Høgskaret held du rett fram over myra til Klova. I sjølve klova er det ein slags sti, men det kan vere glatt i det frodige graset og det er stundom vanskeleg å føte seg i grusparti og der det er lause steinar. Det går fint an å gå ned på vestsida og ned i vika. Her er det ofte mykje rask som er skylt i land. Når du kjem ned er det sikrast og best å gå rundt på nordsida. Etter å ha vore på Kinn tek du rutebåten attende til Florø.

Vandrer ved havet på Reksta. Foto: Fritz Schjølberg

 

Gå videre >