Praktisk informasjon

Du kan vandre langs Sunnnivaleia på eigenhand store delar av året, avhengig av vêr. Du kan også delta på organisert vandring med Pilegrimsfellesskapet Sta. Sunniva i slutten av juni.

For å gjennomføre turen på eigenhand, bør du undersøke båtrutene og bestille overnatting på førehand. Sjå turforslag og praktisk informasjon her.

Vandring gjennom kystlynghei på Bremangerlandet

Foto: Eva Laukøy

Krav til fysisk form: Ein må vera i stand til dagsmarsjar på opp til 25 km med varierande underlag og varierande terreng. Ein del opp- og nedstiging, men ikkje svært bratt. Noko asfalt.

Nivå på overnatting: Seng eller madrass, sovepose. Under tak og med tilgang til dusj.