Opplevingar på vandringa
Kystkulturen står sterkt på kysten av vestlandet og det er mange opplevingar ein kan få med seg undervegs på vandringa om ein planlegger godt.
Kinnaspelet
Kinnaspelet kan kallast “teateret ved havet”!
“Dette var ei oppleving ein sjeldan finn maken til!” er det fleire som har sagt etter turen til Kinn og Kinnaspelet.
Ein scenografi med blått hav, høg himmel, Kinnaklova og den gamle steinkyrkja frå 1100-talet, er det som møter deg på Kinn. Så langt vest du kan kome i Noreg, her på havstranda ligg ei av dei eldste kyrkjene i landet. Ingen veit sikkert kven som bygde ho. Men dei gamle legendene fortel om heilage menn frå øyrika i Irskesjøen, som busette seg her, truleg på 900-talet ein gang.
På Kinn får du oppleve Kinnaspelet «Songen ved det store djup,» eit drama om kjærleik og svik, tvil og tru, då reformasjonen kom til Noreg i 1537, og kasta vrak på ein 500 år gamal kyrkjeleg tradisjon og levemåte. Dette teateret ved havet, der naturen og kulturlandskapet spelar med, er ei oppleving du sjeldan finn maken til.
For meir info, sjå www.kinnaspelet.no
Open kyrkje på Kinn
Kyrkja på Kinn frå 1100-talet er ei oppleving i seg sjølv. Kvar sommar sørgjer eit frivillig vertskap for at kyrkja er open for pilegrimar og andre gjester. Det er også enkelte arrangement her i løpet av året.
For meir info, sjå https://www.kinnakyrkja.no/
Selja kloster og helgenanlegg
Øya Selja sør for Stadlandet er Noregs første pilegrimsmål, knytt til legenda om den irske kongsdottera Sta. Sunniva som flykta frå Irland for trua si, og leid martyrdøden på øya Selja. Her finn du både martyrstaden hennar i fjellhola, ruinar av Sunnivakyrkja der relikvieskrinet stod, det imponerande terrasseanlegget og ruinane av eit benediktonarkoster frå tidleg 1000-tal. Selja var også det første bispesetet for Vestlandet frå 1068.
Kvart år rundt 8. juli blir det feira Seljumannamesse på øya til minne om Sta. Sunniva og dei heilage Seljemennene.
Les meir her: https://www.seljakloster.com/
Du kan sjå ein animasjon av korleis kloster- og helgenlegget kan ha sett ut her: https://kringom.no/nb/nordfjord/stad/selja-kloster-og-helgenanlegg
For å komme til Selja må du ta båt frå Selje sentrum. Fjordguiding Selje har faste omvisingar to gonger om dagen i sommarsesongen. Sjå meir informasjon og bestill billettar her: https://www.fjordguidingselje.no/



