VANDRING på SUNNIVALEIA (22.) 19.-29. juni 2024

Velkomen som pilegrim på Sunnivaleia!

Denne vandringa er tenkt for både norske og tyske pilegrimar, men det er ingen krav til språkkunnskap. Sunnivaleia har god kontakt med pilegrimsmiljøet i Hamburg, og har hatt norsk/tysk gruppe sidan 2013, med unntak av 2020 og -21.

Starten er Kinnaspelet på Kinn.

Krav til fysisk form: Ein må vera i stand til å gå med dagstursekk opp til 20 km pr dag i varierande terreng.

Pris: kr 8000. Av desse  kr 1000 så snart som råd, og 7000 eit par veker før vandringa.

Betaling til konto 3705 2551 197 Pilegrimsfellesskapet Sankte Sunniva ” Sunnivaleia 2024”

Vandreleiarar: Jorund Levorstad og norsk/tyske Steinar Pettersen. Prest er med.

Detaljert dagsplan

Dag 0. Laurdag 22. juni.

Overnatting på Kinn hotell i Florø. Innsjekking frå kl 14.

Dag 1. Søndag 23. juni

Florø – Kinn – Florø. Me tek del i programmet på Kinn, jfr www.kinnaspelet.no .

Kl 09.00. Båt til Kinn.

Kl 11.00. Gudsteneste. Etter gudstenesta: tur rundt øya

kl 15.00: Kinnaspelet: Songen ved det store djup. Etter spelet: retur til Florø.

Middag på hotellet.

Overnatting på Kinn hotell.

 Dag 2. Måndag 24. juni

Båt frå Florø kl 11.30.

Kl 12: Båten kjem til Smørhamn. Innkvartering i Smørhamn handelsstad. Brødmåltid. Vandring til Kalvåg / Frøya kyrkje.

Me lagar middag.

Overnatting på Smørhamn handelsstad.      

 Dag 3. Tysdag 25. juni  

Smørhamn – Ryland – avstikkar til Grotlesanden – Havly (Iglandsvik). Ca 22 km.

Overnatting og middag på Havly.

Dag 4. Onsdag 26. juni

Iglandsvik – innom Bremanger kyrkje på Hauge – vandring til Oldeide.

Ferje kl 1515 frå Oldeide til Måløy. Buss kl 15.55 derifrå til Fjordly på Totland. Alle er ansvarlege for bagasjen sin til ferja og til og frå bussen.

Overnatting og middag på Fjordly ungdomssenter.

Dag 5. Torsdag 27. juni

Totland – Rimstaddalen – Berstad  – Selje

Vandring Totland – Berstad gjennom Rimstaddalen

Eventuell stopp med mat på Berstad.

Bilskyss evt. vandring frå Berstad til Selje, 8 km

Overnatting i Selje

 Dag 6. Fredag 28. juni

Båt til Selja. Vandring på Selja. Gudsteneste i Sunnivahelleren.

Avslutningsmiddag.

Vandringa er slutt.

Overnatting i Selje

Laurdag 29. juni

Båt går frå Selje til Bergen kl 06.50, med stopp i Florø.

For dei som ikkje må reisa grytidleg på laurdag, håpar me å kunna tilby tur til Stadlandet, dvs. nordsida av Stadhalvøya. Der er Dragseidet der Olav Tryggvason kristna fire fylke i år 997, der er surfestadene Hoddevik og Ervik, der er Ervikbygda og kyrkja med si heilt spesielle historie, der er fjellplatået Vestkapp, alt presentert i fantastisk natur.

Det kan koma små endringar i programmet.

…………………………..

Korleis koma til Florø:

Det er flyplass i Florø, trafikkert av Danish Air Transport.

Daglege bussavgangar Oslo – Florø, trafikkert av VY, ev. med lokalbuss på strekninga Førde – Florø

Ekspressbåt frå Bergen kl 0800 og 1630 på kvardagar. Laurdag og søndag berre ein avgang, kl 1415 laurdag og 1630 søndag.

Korleis koma frå Selje:

Ekspressbåten frå Selje brukar halvannan time til Florø, 5 timar til Bergen. Båten går til Bergen søndag kl 15.10 og måndag (alle kvardagar) kl 06.50 og 15.15. Laurdag berre kl 06.50.

Dag- og nattbuss dagleg frå Måløy til Oslo.

…………………………………………………………………..

Andre opplysningar

Dagsrytme: Frukost kl 8. Lita samling før avgang. Vandrestart kl 9.

Niste må smørjast ved frukost, termosar fyllast.

Pilegrimspreg: 2-3 korte samlingar pr dag med song, bibellesing og bøn. – NB! Frivillig.

Gruppa går i stille og ettertanke fyrste timen etter avgang. Elles stille fyrste halvtimen etter stopp med åndeleg preg.

Det er fullt lovleg å seia frå om ein ynskjer å gå i fred utanom dette.

Klokkeslett under vandringa er omtrentlege, unnateke kystbåt- og ferjetider.

Kvar har med:

Sovepose. Dagstursekk. Større bag eller koffert.

Sko til terreng og sko til asfalt.

Plaster. Insektvern. Handduk. Regnklede! Hårfønar er god til skotørk. Eventuelt vaskepulver til handvask av kle, kleklyper eller sikkerhetsnåler. Sandalar eller lette sko til kveldsbruk.

Gode vind- og regntette turklede. Gjerne hatt.

Terrenget er til tider ulendt, og stav er sterkt tilrådd.

Bagasjen vert frakta.

Viktig!

Vi er ikkje ein offisiell tur-arrangør, og derfor er dette heller ikkje ein arrangert tur i reiseliv-forstand. Det er det vanlege opplegget med pilegrimsvandringar. Det inneber at alle går på eigen risiko. Om eit uhell eller ei ulukke skulle skje, er kvar ansvarleg for seg og må forhalda seg til sin eigen eventuelle skadeforsikring.

Påmelding til Kari Leine Balog, tidlegare sokneprest i Selje. Tlf 97 54 34 66.