Sunnivaleia på Bremangerlandet
Sunnivaleia i Bremanger startar i Smørhamn på kaia. Det er fint å overnatte ved Smørhamn Rorbuer som ligg nokre hundre meter mot sør langs hovedvegen. Her overnatter ein i historiske omgivnadar i den gamle handelsstaden. Sunnivaleia fortset litt vest for handelsstaden. Du tek til høgre inn ein hytteveg. Denne fylgjer du nordover til du kjem inn på hovedvegen att.
Etter å ha gått over nokre små bruer langs hovedvegen tek du til venstre inn på ein sideveg. Du fylgjer vegen til du kjem til gravplassen på Novelandet. Like utenfor avkøyrsla her ligg Bakkevik brygge med fine rorbuer. Frå gravplassen går leia i terrenget og du går over fjellet før du kjem ned på den andre sida.
Igjen vert det 500 meter på veg før du tek til høgre mot ved Ryland. Du fygljer vegen bratt opp mot vassverket før du igjen går i terrenget. Stien kjem ned på sørsida innerst inn i Bremangerpollen. Herifrå fylgjer du vegen ut til Grotlesanden. Etter å ha gått om lag 15 km frå Smørhamn kjem ein til Hauge, ein tettstad med butikkar, matservering og overnattingsmoglegheiter i form av hytter, rorbuer og pensjonat. Pilegrimane har ofte nytta ein stad som heiter Havly. Her bør ein gjerne kjøpe mat og det ein treng til neste dag, då det ikkje er fleire moglegheiter til dette vidare langs leia i Bremanger. På vegen går du forbi Bremanger kyrkje og den gamle middelaldergravplassen på Grotle.
På Grotlesanden snur pilegrimane og går inn same vegen. Ein fylgjer vegen langs Dalevatnet og tek opp stien ved Klungreset opp gjennom Klungresetdalen. Her er det merka sti opp på fjellet. Frå Blandevatnet går ein langs elva ned til Oldeeide. Frå Oldeeide tek du ferja til Måløy. Frå Kjerpeseth til Oldeeide er det om lag 6 km.