Sunnivaleia på Bremangerlandet
Sunnivaleia i Bremanger startar i Smørhamn på kaia, der hurtigbåten frå Florø har stoppestad. Det er fint å overnatte ved på den historiske handelsstaden i Smørhanmn som ligg ca 1 km sørover langs hovedvegen. Du kan også ta buss som korresponderer med hurtigbåten.
Litt vest for handelsstaden ved hovudvegen finn du Sunnivaleia som merka sti. Du går gjennom eit hyttefelt og ut på hovudvegen att, og følgjer skiltinga til Sunnivaleia igjen til venstre på ein sideveg. Du fylgjer vegen til du kjem til gravplassen på Novelandet. Frå gravplassen går leia i terrenget og du går over fjellet før du kjem ned på den andre sida.
Igjen vert det 500 meter på veg før du tek til høgre mot ved Ryland. Siste del av vegen går gjennom ein hage. Merka at nedstiginga kan vere litt bratt, og at merkepinnane som er sett opp kan vere lause.
Ved Ryland kjem du ut på hovdvegen. Du kan gå ca 7 km rundt Bremangerpollen til Iglandsvik. Alternativt kan du sjekke dei lokale bussrutene, eller bestille taxi dette stykket. I Iglandsvik finn du overnatting på Havlys Bed and Breakfast.
Herfrå er det ein nydeleg spasertur ca 3 ut til Grotlesanden. Ta også ein tur innom den gamlem nyrestaurerte gravplassen på Grotle på vegen.
Etter overnatting i Iglandsvik går du tilbake til Hauge neste dag, og handlar på matbutikken her om du treng det. Dette er siste matbutikk på Bremangerlandet.
Deretter tek du vegen forbi Hauge kyrkje og kjem ned ved Dalevatnet på andre sida av eit høgdedrag og langs eit jorde. Følg hovudvegen langs Dalevantet ca 3 km til du kjem til stien ved Klungreset opp gjennom Klungresetdalen, der det er skitla og merka for Sunnivaleia. Frå Blandevatnet går ein langs elva ned til Oldeide. Frå Oldeeide tek du ferja til Måløy. Merk at nedstiginga til Oldeeidet kan vere litt bratt. Denne etappen er om lag 6 km. Sjekk avgangstidene for ferja frå Oldeidet til Måløy.






