VANDRING på SUNNIVALEIA 21.-29. juni 2025
Velkomen som pilegrim på Sunnivaleia!
Denne vandringa er tenkt for både norske og tyske pilegrimar, men det er ingen krav til språkkunnskap. Sunnivaleia har god kontakt med pilegrimsmiljøet i Hamburg, og har hatt norsk/tysk gruppe sidan 2013, med unntak av 2020 og -21.
Starten er Kinnaspelet på Kinn.
Krav til fysisk form: Ein må vera i stand til å gå med dagstursekk opp til 20 km pr dag i varierande terreng.
Pris: kr 8000. Av desse kr 1000 så snart som råd, og 7000 eit par veker før vandringa.
Betaling til konto 3705 2551 197 Pilegrimsfellesskapet Sankte Sunniva ” Sunnivaleia 2025”
Vandreleiarar: Jorund Levorstad og norsk/tyske Steinar Pettersen. Prest er med.
Detaljert dagsplan
Dag 0. Laurdag 21. juni.
innsjeking på hotell fra 14:00, blir kjent med hverandre
Overnatting på Kinn hotell i Florø.
Dag 1. Søndag 22. juni
Florø – Kinn – Florø. Me tek del i programmet på Kinn, jfr www.kinnaspelet.no .
Kl 09.00. Båt til Kinn.
Kl 11.00. Gudsteneste. Etter gudstenesta: tur rundt øya
kl 15.00: Kinnaspelet: Songen ved det store djup. Etter spelet: retur til Florø.
Middag
Båt frå Florø kl 19.30 til Smørhamn, innkvartering i Smørhamn handelsstad
Overnatting på Smørhamn handelsstad
Dag 2. Måndag 23. juni
Smørhamn – Ryland – avstikkar til Grotlesanden – Havly (Iglandsvik). Ca 22 km.
Overnatting og middag på Havly.
Dag 3. Tysdag 24. juni
Iglandsvik – innom Bremanger kyrkje på Hauge – vandring til Oldeide.
Ferje kl 1515 frå Oldeide til Måløy. Buss kl 15.55 derifrå til Fjordly på Totland. Alle er ansvarlege for bagasjen sin til ferja og til og frå bussen.
Overnatting og middag på Fjordly ungdomssenter.
Dag 4. Onsdag 25. juni
Totland – Rimstaddalen – Berstad – Ervik
Vandring Totland – Berstad gjennom Rimstaddalen
Bilskyss frå Berstad til Ervik på Stad
Overnatting i Ervik
Dag 5. Torsdag 26. juni
hel dag i Ervik, besøk av kirken og gamle kirkegården
Overnatting i Ervik
Dag 6. Fredag 27. juni
Ervik – Dragseidet – Selje
Bilskyss frå Ervik til Dragseidet, vandring over fjellet via Liseth til Selje
Overnatting i Selje
Laurdag 28. juni
Klosterbåten til Selja. Vandring til Selja kloster. Gudsteneste i Sunnivahelleren.
Avslutningsmiddag i Selje
Overnatting i Selje
Søndag 29. juni
Vandringa er slutt, men overnatting til søndag er inkludert i programmet.
Båt går frå Selje til Bergen kl 15:10, med stopp i Florø.
Det kan koma små endringar i programmet.
…………………………..
Korleis koma til Florø:
Det er flyplass i Florø, trafikkert av Danish Air Transport.
Daglege bussavgangar Oslo – Florø, trafikkert av VY, ev. med lokalbuss på strekninga Førde – Florø
Ekspressbåt frå Bergen kl 0800 og 1630 på kvardagar. Laurdag og søndag berre ein avgang, kl 1415 laurdag og 1630 søndag.
Korleis koma frå Selje:
Ekspressbåten frå Selje brukar halvannan time til Florø, 5 timar til Bergen. Båten går til Bergen søndag kl 15.10 og måndag (alle kvardagar) kl 06.50 og 15.15. Laurdag berre kl 06.50.
Dag- og nattbuss dagleg frå Måløy til Oslo.
…………………………………………………………………..
Andre opplysningar
Dagsrytme: Frukost kl 8. Lita samling før avgang. Vandrestart kl 9.
Niste må smørjast ved frukost, termosar fyllast.
Pilegrimspreg: 2-3 korte samlingar pr dag med song, bibellesing og bøn. – NB! Frivillig.
Gruppa går i stille og ettertanke fyrste timen etter avgang. Elles stille fyrste halvtimen etter stopp med åndeleg preg.
Det er fullt lovleg å seia frå om ein ynskjer å gå i fred utanom dette.
Klokkeslett under vandringa er omtrentlege, unnateke kystbåt- og ferjetider.
Kvar har med:
Sovepose. Dagstursekk. Større bag eller koffert.
Sko til terreng og sko til asfalt.
Plaster. Insektvern. Handduk. Regnklede! Hårfønar er god til skotørk. Eventuelt vaskepulver til handvask av kle, kleklyper eller sikkerhetsnåler. Sandalar eller lette sko til kveldsbruk.
Gode vind- og regntette turklede. Gjerne hatt.
Terrenget er til tider ulendt, og stav er sterkt tilrådd.
Bagasjen vert frakta.
Viktig!
Vi er ikkje ein offisiell tur-arrangør, og derfor er dette heller ikkje ein arrangert tur i reiseliv-forstand. Det er det vanlege opplegget med pilegrimsvandringar. Det inneber at alle går på eigen risiko. Om eit uhell eller ei ulukke skulle skje, er kvar ansvarleg for seg og må forhalda seg til sin eigen eventuelle skadeforsikring.
Påmelding til Kari Leine Balog, tidlegare sokneprest i Selje. Tlf 97 54 34 66.