Opplevingar på vandringa.
Kystkulturen står sterkt på kysten av vestlandet og det er mange opplevingar ein kan få med seg undervegs på vandringa om ein planlegger godt.
Kinnaspelet
Kinnaspelet kan kallast “teateret ved havet”!
“Dette var ei oppleving ein sjeldan finn maken til!” er det fleire som har sagt etter turen til Kinn og Kinnaspelet.
Ein scenografi med blått hav, høg himmel, Kinnaklova og den gamle steinkyrkja frå 1100-talet, er det som møter deg på Kinn. Så langt vest du kan kome i Noreg, her på havstranda ligg ei av dei eldste kyrkjene i landet. Ingen veit sikkert kven som bygde ho. Men dei gamle legendene fortel om heilage menn frå øyrika i Irskesjøen, som busette seg her, truleg på 900-talet ein gang.
På Kinn får du oppleve Kinnaspelet «Songen ved det store djup,» eit drama om kjærleik og svik, tvil og tru, då reformasjonen kom til Noreg i 1537, og kasta vrak på ein 500 år gamal kyrkjeleg tradisjon og levemåte. Dette teateret ved havet, der naturen og kulturlandskapet spelar med, er ei oppleving du sjeldan finn maken til.
For meir info sjå www.kinnaspelet.no
Selja kloster
Det er faste omvisningar på klosteret i sommarhalvåret. I tillegg kjem kulturelle arrangement, gudstenester, pilegrimsvandringar m.m.