VANDRING på SUNNIVALEIA (20.)21.-28. juni 2026

Velkomen som pilegrim på Sunnivaleia!

Denne vandringa er tenkt for både norske og tyske pilegrimar, men det er ingen krav til språkkunnskap. Sunnivaleia har god kontakt med pilegrimsmiljøet i Hamburg, og har hatt norsk/tysk gruppe sidan 2013, med unntak av 2020 og -21, då det berre var norske.

Starten er Kinnaspelet på Kinn.

Krav til fysisk form: Ein må vera i stand til å gå med dagstursekk opp til 20 km pr dag i varierande terreng.

Pris: kr 8.500. Av desse kr 1000 så snart som råd, og 7.500 innan 1. juni. Konto 3705.25.51197 til
Pilegrimsfellesskapet St. Sunniva. Sparebanken 1 Sogn og Fjordane

Vandreleiarar: Jorund Levorstad og norsk/tyske Steinar Pettersen. Prest er med.

Dagsplan

Dag 0. Laurdag 20. juni.

Frammøte på Kinn hotell i Florø. Innsjekking frå kl 14.

Denne dagen er ikkje mat inkludert i prisen.

Overnatting på Kinn hotell i Florø.

Dag 1. Søndag 21. juni

Florø- Kinn – Florø – Smørhamn.

Båt til Kinn – gudsteneste i Kinnakyrkja – vandring rundt øya – retur til Florø – vidare med ekspressbåt til Smørhamn. For det aller meste terreng.

Overnatting på Smørhamn handelsstad.

Dag 2. Måndag 22. juni

Vandring til og frå Frøya kyrkje / Kalvåg. (mykje asfalt)

Overnatting på Smørhamn handelsstad.

Dag 3. Tysdag 23. juni

Smørhamn – Ryland – Hauge. Ca 20 km. Nokolunde like mykje asfalt som terreng.

Overnatting på Havlys.

Dag 4. Onsdag 24. juni

Hauge – Oldeide – Måløy – Fjordly. 16 km til Oldeide.

Vandring til Oldeide, mest terreng, noko asfalt. Ferje kl 1515 frå Oldeide til Måløy.

Buss direkte frå Måløy til Fjordly på Totland. Overnatting på Fjordly.

Dag 5. Torsdag 25. juni

Totland – Rimstaddalen – Berstad/Selje. 18 km. Eit par km med asfalt, elles terreng.

Overnatting i Selje

Dag 6. Fredag 26. juni

Bilskyss til Dragseidet (ca 18 km).

Vandring på Den gamle kyrkjevegen over fjellet til Selje. Terreng til Liseth, 2 km asfalt til Selje sentrum.

Overnatting i Selje.

Dag 7. Laurdag 27. juni

Båt til Selja. Vandring på Selja. Gudsteneste i Sunnivahelleren. Terreng. Avslutningsmiddag i Selje.

Overnatting i Selje.

Vandringa er slutt – men:

Søndag 28. juni

Sidan det er vanskeleg med offentleg kommunikasjon frå Selje laurdag ettermiddag, er overnatting til søndag inkludert i prisen. Ekspressbåt går frå Selje til Bergen søndag kl 1510.

Det kan koma små endringar i programmet.

…………………………..

Korleis koma til Florø:

Det er flyplass i Florø, trafikkert av Danish Air Transport og Widerøe.

Daglege bussavgangar Oslo – Florø, trafikkert av VY, ev. med lokalbuss på strekninga Førde – Florø

Ekspressbåt frå Bergen kl 0800 og 1630 på kvardagar. Laurdag og søndag berre ein avgang, kl 1415 laurdag og 1630 søndag. Hurtigruta har også stopp i Florø og i Måløy.

Korleis koma frå Selje:

Ekspressbåten frå Selje brukar halvannan time til Florø, 5 timar til Bergen. Båten går til Bergen søndag kl 15.10 og måndag (alle kvardagar) kl 06.50 og 15.15. Laurdag berre kl 06.50.

Dag- og nattbuss dagleg frå Måløy til Oslo.

…………………………………………………………………..

Andre opplysningar

Dagsrytme: Frukost kl 8. Lita samling før avgang. Vandrestart kl 9.

Niste må smørjast ved frukost, termosar fyllast.

Pilegrimspreg: 2-3 korte samlingar pr dag med song, bibellesing og bøn. – NB! Frivillig.

Gruppa går i stille og ettertanke fyrste timen etter avgang. Elles stille fyrste halvtimen etter stopp med åndeleg preg.

Det er fullt lovleg å seia frå om ein ynskjer å gå i fred utanom dette.

Klokkeslett under vandringa er omtrentlege, unnateke kystbåt- og ferjetider.

Kvar har med:

Sovepose. Dagstursekk. Større bag eller koffert. Sko til terreng og sko til asfalt.

Plaster. Insekt- og flåttvern. Handduk. Regnklede! Hårfønar er god til skotørk. Eventuelt vaskepulver til handvask av kle, kleklyper eller sikkerhetsnåler. Sandalar eller lette sko til kveldsbruk.

Gode vind- og regntette turklede. Hatt er tradisjonelt pilegrimsutstyr, og kan vera nyttig.

Terrenget er til tider ulendt, og stav er sterkt tilrådd.

Bagasjen vert frakta.

Viktig!

Vi er ikkje ein offisiell tur-arrangør, og derfor er dette heller ikkje ein arrangert tur i reiseliv-forstand. Det er det vanlege opplegget med pilegrimsvandringar. Det inneber at alle går på eigen risiko. Om eit uhell eller ei ulukke skulle skje, er kvar ansvarleg for seg og må forhalda seg til sin eigen eventuelle skadeforsikring.

Påmelding til Kari Leine Balog, tidlegare sokneprest i Selje. Tlf 97 54 34 66.

karileineb@gmail.com

kl-balog@online.no