
Turen startar i Florø. Hit kjem du deg med både bil, hurtigbåt frå Bergen og fly til Florø lufthamn. Om du kjem dagen før, kan du overnatte på f.eks. Kinn hotell i Florø.
Frå Florø tek du lokalbåt frå Florø hamn til Kinn kai. Sjekk avgangstider på skyss.no. Merk at det er andre avgangstider om sommaren enn resten av året.
Frå kaia på Kinn følgjer du merka veg til høgre og går ca 10 minutt til du kjem til overnattingsstadene Kinn skulehus og Kinn gjestehus. Det er ikkje butikk på øya, så hugs å handle inn mat og andre varer i Florø. På Kinn gjestehus er det mogleg å førehandsbestille middag eller innkjøp av varer.
Kinn kyrkje ligg ca 10 minutt vandring vidare vestover mot havet. I sommarsesongen blir du møtt av eit frivillig vertskap som held opa kyrkje med omvising og tidebøn. Denne vakre steinkyrkja frå 1100-talet er framleis i bruk. I slutten av juni blir Kinnaspelet framført i amfiet utanfor kyrkja.

Frå kyrkja kan du følgje ein merka sti rundt heile øya, gjennom skaret Kinnaklova som har vore seglingsmerke i uminnelege tider. Her har du vidt utsyn over havet og kystlandskapet. Turen rundt øya tek ca 2 timar. Hugs gode sko og klede som toler vestlandsvêr.


